søndag 11. mars 2012

Nasjonale prøvar - eit rangeringsverktøy?

I den nyaste utgåva av BEDRE SKOLE (tidsskrift for lærarar og skuleleiarar) kan ein lese at nasjonale prøvar i all hovudsak blir brukt til å rangere skular, ikkje gje elevane eit betre læringstilbod. Ifølgje Respons Analyse, er det 7 av 10 rektorar som oppgir at kommunane deira (i all hovudsak dei store kommunane på Austlandet) brukar resultata frå nasjonale prøvar til å rangere skulane innad i kommunen. Samstundes kjem det fram av analysen at dei nasjonale prøvane ikkje blir brukt som eit verktøy for å gjere skulane betre. Dette var ikkje særleg positiv lesing. Som framtidig skuleleiar (håpar eg), vil eg bidra til at hovudmålet med nasjonale prøvar er å få kartlagt elevane og deretter setje i gang tiltak som kan betre elevane sitt læringsutbyte. Rangering av skulane i media fører ikkje noko godt med seg, men ei god oversikt over stoda innad på kvar enkelt skule er alfa omega for at skulane skal utvikle seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar